Levering av avfall frå
dødsbu
Viss du skal levere avfall på vegne av eit dødsbu,
kan du søke om eit midlertidig inngangskort. Dette kortet gir deg rett til å
levere avfall frå buet til gjenbruksstasjonen, og gjeld for ein avgrensa
periode. For å levere avfall frå dødsbu må du ha med:
Vi tilrår at du
søker om inngangskort på førehand. Då slepp du ventetid for produksjon av
kortet når du møter opp.
Sortering, levering og
prisar
Ved levering til ØyVAR sine gjenbruksstasjonar, gjeld
dei same rettane og prisane som for private hushald. Betaling gjerast opp på
stasjonen ved kvart besøk. Eventuelle restkvotar frå abonnenten vil bli
overførte til kundekortet.
Avfall frå dødsbu må leverast og sorterast på ein
forsvarleg måte. Det betyr at du må:
- Sortere avfallet
- Levere det til rett stad, som gjenbruksstasjon eller spesialmottak
for farleg avfall
Gyldigheit
Det midlertidige inngangskortet er gyldig til
dødsbuet er gjort opp. Kortet blir deaktivert automatisk etter eitt år, eller
ved eigarskifte på eigedommen.
Eigenerklæring og skifteattest blir arkivert hos
ØyVAR på eigedommen til dødsbuet.